5. Mosebok 10:14-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Sjå, himmelen, den høge himmel, og jorda med alt det som der finst, høyrer Herren din Gud til.

15. Men endå var det berre fedrane dine han fekk godhug for og elska. Og sidan valde han ut dykk, etterkomarane deira, framom alle andre folkeslag, som vi ser det i dag.

16. Så omskjer då hjarto dykkar, og ver ikkje lenger så stridlyndte!

17. For Herren dykkar Gud, han er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og agelege Gud. Han gjer ikkje skil på folk og tek ikkje muter.

18. Han hjelper den farlause og enkja til retten deira og elskar innflyttarane, så han gjev dei mat og klede.

19. Difor skal de òg elska innflyttarane; de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.

20. Herren din Gud skal du ottast. Han skal du tena og halda deg til, og ved hans namn skal du sverja.

5. Mosebok 10