12. Han skal via seg til Herren for like lang tid som han før hadde lova, og bera fram eit årsgamalt lam som skuldoffer. Den fyrste nasireartida gjeld ikkje meir, fordi det vigde hovudet hans har vorte ureint.
13. Dette er føresegna for nasirearen: Den dagen vigslingstida hans er ute, skal han førast fram til møteteltdøra.
14. Der skal han bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgamalt, lytelaust verlam som brennoffer, eit årsgamalt, lytelaust saulam som syndoffer og ein lytelaus ver som måltidsoffer;
15. ei korg med usyrt brød av kveitemjøl, kaker som det er olje i, usyrte brødleivar, smurde med olje, og grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.