1. Herren sa til Moses:
2. Du skal tala til israelittane og seia: Når nokon, mann eller kvinne, gjer ein høgtideleg nasirearlovnad og vier seg til Herren,
3. skal han halda seg frå vin og annan sterk drikk. Han skal ikkje drikka eddik som er laga av vin eller annan sterk drikk, eller saft som er laga av druer. Og druer må han ikkje eta, anten dei er friske eller turka.
4. Så lenge han er nasirear, må han ikkje eta noko som er laga av vindruer, ikkje eingong av karten eller skinnet.