7. Over skodebrødsbordet skal dei breia eit klede av fiolett purpur, og på det skal dei setja fata, skålene, bollane og kannene til drikkofferet. Brødet som støtt skal liggja der, skal dei ikkje ta bort.
8. Og over alt dette skal dei breia eit klede av karmosinraud ull. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i.
9. Dei skal ta eit klede av fiolett purpur og breia over ljosestaken og lampene, ljosesaksene, pannene og alle oljekrukkene som dei brukar når dei steller staken.
10. Både ljosestaken og alle reiskapane som høyrer til, skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja det på ei båre.
11. Over det gullkledde altaret skal dei breia eit klede av fiolett purpur. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i.
12. Alle reiskapane som dei brukar når dei gjer teneste i heilagdomen, skal dei leggja i eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja dei med eit teppe av delfinskinn og setja dei på ei båre.
13. Altaret skal dei reinska for oske og breia eit klede av purpurraud ull over det.
14. Oppå det skal dei leggja alle dei reiskapane som dei brukar når dei gjer altarteneste: glopannene, kjøtgaflane, eldskuflene og offerskålene, alle reiskapane som høyrer altaret til. Så skal dei breia ein duk av delfinskinn over det og setja berestengene i.
15. Når leiren skal flyttast, og Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle reiskapane som høyrer han til, skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer møteteltet til.