9. Såleis skal ingen eigedom gå over frå ei ætt til ei anna; men alle Israels-ættene kan halda fast, kvar på sin arv.
10. Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses.
11. Makla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med sønene til farbrørne sine.
12. Dei fekk menn som var ætta frå Manasse, son til Josef, så eigedomen deira kom til å fylgja den ætta dei tilhøyrde.
13. Dette er dei bod og lover som Herren gav israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.