26. Men kjem drapsmannen utom den fristaden han har rømt til,
27. og blodhemnaren råkar han der utanfor fristaden og slår han i hel, då har han inga blodskuld.
28. For drapsmannen skal halda seg i fristaden sin til øvstepresten er død. Då fyrst kan han fara heim att til den jorda han eig.
29. Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk frå ætt til ætt, kvar de så bur.
30. Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy så sant det er vitne mot han. Men etter éin manns vitnemål skal ingen dømast frå livet.
31. De må ikkje ta imot løysepengar for å berga livet åt ein drapsmann som er skuldig til døden; han skal bøta med livet.
32. De må heller ikkje ta imot løysepengar for ein som har rømt til ein fristad, så han kan fara heim att før øvstepresten er død.
33. De skal ikkje vanhelga det landet de bur i. For blod vanhelgar landet, og landet får ikkje soning for det blodet som har runne der utan at gjerningsmannen døyr.
34. De skal ikkje gjera det landet de bur i, ureint; for det landet bur eg i. Eg er Herren, som bur midt imellom israelittane.