4. Mosebok 35:23-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Eller kanskje han ikkje ser den andre og råkar han med ein stein som er stor nok til å drepa med, så han døyr, endå mannen ikkje var hans fiende og ikkje ville han noko vondt.

24. Då skal folket døma mellom drapsmannen og blodhemnaren etter desse lovene.

25. Folket skal berga drapsmannen frå blodhemnaren og la han fara attende til den fristaden han hadde rømt til. Og der skal han vera til øvstepresten er død, han som er salva med heilag olje.

26. Men kjem drapsmannen utom den fristaden han har rømt til,

27. og blodhemnaren råkar han der utanfor fristaden og slår han i hel, då har han inga blodskuld.

28. For drapsmannen skal halda seg i fristaden sin til øvstepresten er død. Då fyrst kan han fara heim att til den jorda han eig.

29. Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk frå ætt til ætt, kvar de så bur.

30. Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy så sant det er vitne mot han. Men etter éin manns vitnemål skal ingen dømast frå livet.

31. De må ikkje ta imot løysepengar for å berga livet åt ein drapsmann som er skuldig til døden; han skal bøta med livet.

32. De må heller ikkje ta imot løysepengar for ein som har rømt til ein fristad, så han kan fara heim att før øvstepresten er død.

33. De skal ikkje vanhelga det landet de bur i. For blod vanhelgar landet, og landet får ikkje soning for det blodet som har runne der utan at gjerningsmannen døyr.

4. Mosebok 35