11. skal de velja ut nokre byar som skal vera fristader. Dit kan ein drapsmann røma når han har slege einkvan i hel av vanvare.
12. Desse byane skal vera fristader for den som rømer for blodhemnaren, så drapsmannen ikkje skal døy før han har stått til rettes og fått sin dom av folket.
13. Seks av dei byane som de gjev levittane, skal vera slike fristader.
14. Tre av dei skal de ta på austsida av Jordan og tre i Kanaan.
15. Både for israelittar og for innflyttarar og framande som bur mellom dykk, skal desse seks byane vera fristader, så den som av vanvare har drepe nokon, kan røma dit.
16. Den som slår nokon i hel med ein jernreiskap, han er ein drapsmann, og drapsmannen skal døy.
17. Tek nokon ein stein som er stor nok til å drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal døy.