4. Mosebok 35:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko, og sa:

2. Sei til israelittane at dei av den eigedomen dei har fått, skal gje levittane byar å bu i. Og dei skal la dei få beitemarker kring desse byane.

3. Byane skal dei ha til å bu i, og markene som høyrer til, skal vera til beite for buskapen deira, for alle dyra dei eig.

4. Dei markene de gjev levittane utanfor byane, skal nå tusen alner ut frå bymuren på alle kantar.

5. Utanfor byen skal de mæla opp to tusen alner på austsida, to tusen alner på sørsida, to tusen alner på vestsida og to tusen alner på nordsida, så byen ligg midt imellom. Det skal vera bymarkene deira.

6. Dei byane som de lèt levittane få, skal vera dei seks fristadene de set av så drapsmenn kan røma dit, og dessutan skal de gje dei førtito andre byar.

7. I alt skal de gje levittane førtiåtte byar med beitemarker.

8. Og når de lèt dei få desse byane av odelsjorda åt israelittane, då skal de ta fleire frå dei store ættene og færre frå dei små. Kvar ætt skal gje levittane byar etter som dei har fått land til.

9. Herren sa til Moses:

10. Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan,

4. Mosebok 35