4. Mosebok 34:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så skal ho halda fram til Sifron og enda ved Hasar-Enan. Det skal vera grensa dykkar mot nord.

10. I aust skal de dra opp ei line frå Hasar-Enan til Sjefam.

11. Frå Sjefam skal grensa gå ned til Ribla, austanfor Ajin, og så nedover til ho når fjellryggen på austsida av Gennesaret-sjøen.

12. Så skal ho fylgja Jordan og enda nedmed Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar, og desse grensene skal det ha.

13. Moses tala til israelittane og sa: Dette er det landet de skal få til odel og eige og dela ved loddkasting, det landet som Herren har sagt at dei ni ættene og den eine halve ætta skal få.

14. For Rubens-ætta, Gads-ætta og halvparten av Manasse-ætta har alt fått odelsjord til ættgreinene sine.

15. Desse to og ei halv ættene har fått sin eigedom på austsida av Jordan, mot solrenninga, midt for Jeriko.

4. Mosebok 34