4. Mosebok 33:7-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Då dei fór frå Etam, tok dei ei anna lei mot Pi-Hakirot, som ligg midt imot Ba’al-Safon, og dei slo leir framfor Migdol.

8. Så tok dei ut frå Pi-Hakirot og gjekk gjennom sjøen til øydemarka. Og då dei hadde fare tre dagar gjennom Etam-øydemarka, slo dei leir i Mara.

9. Så tok dei ut frå Mara og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjelder og sytti palmetre, og dei slo leir der.

10. Frå Elim tok dei ut og slo leir ved Sevsjøen.

11. Frå Sevsjøen tok dei ut og slo leir i Sin-øydemarka.

12. Frå Sin-øydemarka tok dei ut og slo leir i Dofka.

13. Frå Dofka tok dei ut og slo leir i Alusj.

14. Frå Alusj tok dei ut og slo leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka.

15. Frå Refidim tok dei ut og slo leir i Sinai-øydemarka.

4. Mosebok 33