4. Mosebok 33:47-56 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

47. Frå Almon-Diblatajim tok dei ut og slo leir ved Abarim-fjella, midt for Nebo.

48. Då dei tok ut frå Abarim-fjella, slo dei leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

49. Leiren deira låg langsmed Jordan og rakk frå Bet-Jesjimot til Abel-Sjittim på slettene i Moab.

50. På slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko, tala Herren til Moses:

51. Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og kjem inn i Kanaan,

52. skal de driva ut alle som bur i landet, og slå sund biletstøttene deira. De skal gjera ende på alle bileta dei har støypt seg, og øydeleggja alle offerhaugane deira.

53. Så skal de ta landet i eige og busetja dykk der; for eg har gjeve dykk det til odel og eige.

54. De skal skifta landet mellom dykk ved loddkasting, ætt for ætt. Ei stor ætt skal få stor eigedom og ei lita ætt mindre. Kvar skal få etter som loddet fell, og de skal få eigedom innanfor den ætta som de tilhøyrer.

55. Men driv de ikkje folket i landet ut, då skal dei de sparer, verta som tornar i augo og broddar i sidene dykkar. Dei kjem til å plaga dykk i dykkar eige land.

56. Og det eg hadde tenkt å gjera med dei, det vil eg gjera med dykk.

4. Mosebok 33