4. Mosebok 33:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Desse dagsmarsjane gjorde israelittane då Moses og Aron førte dei ut or Egypt, flokk for flokk.

2. Etter påbod frå Herren skreiv Moses opp dei stadene dei tok ut frå på ferdene sine. Og dette er dagsmarsjane, rekna frå dei stadene dei tok ut frå:

3. Den femtande dagen i den fyrste månaden tok dei ut frå Ramses. Det var dagen etter påskehøgtida israelittane fór av stad, med fast vilje, midt for augo på alle egyptarane.

4. Egyptarane heldt då på og gravla alle sine fyrstefødde, som Herren hadde slege i hel hjå dei. Herren hadde òg halde dom over gudane deira.

5. Då israelittane hadde fare frå Ramses, slo dei fyrst leir i Sukkot.

6. Frå Sukkot tok dei ut og slo leir i Etam, som ligg i utkanten av øydemarka.

7. Då dei fór frå Etam, tok dei ei anna lei mot Pi-Hakirot, som ligg midt imot Ba’al-Safon, og dei slo leir framfor Migdol.

8. Så tok dei ut frå Pi-Hakirot og gjekk gjennom sjøen til øydemarka. Og då dei hadde fare tre dagar gjennom Etam-øydemarka, slo dei leir i Mara.

4. Mosebok 33