19. Så må de halda dykk utanfor leiren i sju dagar. Alle som har drepe nokon, og alle som har kome nær nokon av dei falne, skal reinsa seg den tredje og den sjuande dagen. Det gjeld både dykk og fangane dykkar.
20. Alle klesplagg, alt som er laga av skinn eller geiteragg, og alle reiskapar av tre må de reinsa.»
21. Presten Elasar sa til alle stridsmennene som hadde vore med på hærferda: «Dette er ei føresegn i den lova som Herren har gjeve Moses:
22. Gull og sølv, kopar og jern, tinn og bly,
23. alt som toler eld, skal de la gå gjennom eld, så det vert reint. Og så skal det reinsast med reinsingsvatn. Men alt som ikkje toler eld, skal de ha i vatn.
24. Den sjuande dagen skal de vaska kleda dykkar, så de vert reine; og sidan kan de koma inn i leiren.»
25. Herren sa til Moses:
26. «Du og presten Elasar og ættehovdingane i folket skal telja opp hærfanget dei har teke, både av folk og fe,
27. og skifta det likt mellom stridsmennene som var med på hærferda, og resten av folket.
28. Av krigarane skal du krevja ei avgift til Herren: éin av kvart femte hundre, både av folk og storfe og esel og småfe.
29. Dette skal takast av den halvparten som fell på krigarane, og du skal gje det til presten Elasar; det skal vera ei gåve til Herren.
30. Av den halvparten som fell på resten av israelittane, skal du ta ein av femti, både av folk og storfe og esel og småfe, av heile buskapen, og gje til levittane, som tek seg av tenesta i Herrens bustad.»
31. Moses og presten Elasar gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.
32. Hærfanget, det som var att av det krigarane hadde røva, var i alt 675 000 sauer,
33. 72 000 oksar og kyr
34. og 61 000 esel.
35. Av menneske var det i alt 32 000 kvinner som ikkje hadde lege med menn.