7. Set at ei kvinne har ein lovnad på seg når ho vert gift, eller har bunde seg med eit tankelaust ord.
8. Dersom mannen hennar får vita det, men ikkje seier noko til henne same dagen, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag.
9. Men dersom mannen hennar same dagen som han får vita det, seier nei til henne, då gjer han den lovnaden ho har teke på seg, til inkjes, og like eins det tankelause ordet som ho har bunde seg med. Og Herren skal tilgje henne.