4. Mosebok 30:15-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dersom han teier og ikkje seier noko til henne frå den eine dagen til den andre, då stadfester han alt det ho har lova, og alt det ho har bunde seg til. Han stadfester det når han ikkje seier noko den dagen han får vita om det.

16. Men gjer han det sidan om inkje, må han ta ansvaret for brotet hennar.

17. Dette er dei føresegnene Herren gav Moses om den rett som gjeld mellom mann og kone, og mellom far og dotter så lenge ho er ung og bur heime hjå far sin.

4. Mosebok 30