4. Mosebok 30:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Moses sa dette til israelittane, heilt og fullt så som Herren hadde bode han.

2. Moses tala til hovdingane over Israels-ættene og sa: Dette har Herren gjeve påbod om:

3. Når ein mann gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, då må han ikkje bryta ordet sitt, men gjera det han har lova.

4. Når ei ung kvinne som enno er heime hjå far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til fråhald,

5. og far hennar får høyra om lovnaden og plikta ho har teke på seg, men ikkje seier noko til henne om det, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag.

6. Men dersom far hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då skal ingen av lovnadene eller dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. Og Herren skal tilgje henne, fordi det var faren som sa nei.

4. Mosebok 30