1. Moses sa dette til israelittane, heilt og fullt så som Herren hadde bode han.
2. Moses tala til hovdingane over Israels-ættene og sa: Dette har Herren gjeve påbod om:
3. Når ein mann gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, då må han ikkje bryta ordet sitt, men gjera det han har lova.
4. Når ei ung kvinne som enno er heime hjå far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til fråhald,