20. Sønene til Merari og ættene deira var Makli og Musji. Dette er Levi-ættene og ættgreinene deira.
21. Til Gersjon høyrde Libni-ætta og Sjimi-ætta. Det er Gersjon-ættene.
22. Då dei vart mønstra, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 7 500 som vart innskrivne i manntalet.
23. Gersjon-ættene hadde leiren sin bak heilagdomen, mot vest.
24. Hovdingen over Gersjon-greina var Eljasaf, son til Lael.
25. Det Gersjon-sønene skulle ta seg av i samband med møteteltet, var sjølve heilagdomen, teltet, taket på det og teppet for møteteltdøra,
26. omhenget rundt føregarden som låg kring heilagdomen og altaret, teppet for døra inn til føregarden, snorene og alt arbeidet som fylgde med dette.
27. Til Kehat høyrde Amram-ætta, Jishar-ætta, Hebron-ætta og Ussiel-ætta. Det er Kehat-ættene.
28. Då det vart halde manntal over alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 8 600 mann som skulle gjera teneste ved heilagdomen.
29. Kehat-ættene hadde leiren sin på sørsida av heilagdomen.