4. Mosebok 3:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er ætta åt Aron og Moses, som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinai-fjellet.

2. Aron hadde desse sønene: Den eldste heitte Nadab; så kom Abihu, Elasar og Itamar.

3. Det er namna på Arons-sønene, dei som var salva til prestar og vigde til å gjera presteteneste.

4. Nadab og Abihu døydde i Sinai-øydemarka medan dei stod for Herrens åsyn; for dei hadde bore uvigsla eld fram for han. Dei hadde ingen søner. Sidan gjorde Elasar og Itamar presteteneste under Aron, far sin.

5. Herren sa til Moses:

6. Lat Levi-ætta koma hit! Lat dei gå fram for Aron, presten, og tena han!

7. Dei skal gjera teneste framfor møteteltet både for Aron og for heile Israels-lyden og gjera det arbeidet som skal gjerast ved heilagdomen.

8. Dei skal ta vare på alt det som høyrer til i møteteltet. Såleis skal dei tena israelittane og gjera det arbeidet som skal gjerast ved heilagdomen.

9. Gjev levittane over til Aron og sønene hans. Dei er dei einaste av israelittane som skal gjevast over til han.

10. Aron og sønene hans skal du setja til å gjera presteteneste. Kjem nokon annan nær det heilage, skal han døy.

11. Så sa Herren til Moses:

12. Sjå, levittane har eg teke ut mellom israelittane i staden for alle fyrstefødde i Israel, dei som kjem fyrst frå mors liv. Og levittane skal høyra meg til.

4. Mosebok 3