4. Mosebok 28:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Moses:

2. Gjev israelittane dette påbodet: Til fastsett tid må de syta for å bera fram for meg offergåvene mine av mat, eldoffer som angar godt for meg.

3. Sei til dei: Dette er det eldofferet som de skal bera fram for Herren kvar dag: to årsgamle, lytelause lam. Det er det daglege brennofferet.

4. Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad.

4. Mosebok 28