4. Mosebok 26:7-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Det var Rubens-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 43 730.

8. Son til Pallu var Eliab,

9. og sønene til Eliab var Nemuel, Datan og Abiram. Det var Datan og Abiram som var utvalde av Israels-folket og likevel gjorde oppreist mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg opp mot Herren.

10. Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og Korah; heile flokken omkom. Elden gjorde ende på to hundre og femti mann, eit teikn til skrekk og åtvaring.

11. Men sønene til Korah miste ikkje livet.

12. Dette er etterkomarane etter Simeon, ætt for ætt: Frå Nemuel kjem Nemuel-ætta, frå Jamin Jamin-ætta, frå Jakin Jakin-ætta,

13. frå Serah Serah-ætta og frå Saul Sauls-ætta.

14. Det var Simeons-ættene, 22 200 i talet.

15. Dette er etterkomarane etter Gad, ætt for ætt: Frå Sefon kjem Sefon-ætta, frå Haggi Haggi-ætta, frå Sjuni Sjuni-ætta,

16. frå Osni Osni-ætta, frå Eri Eri-ætta,

17. frå Arod Arod-ætta og frå Areli Areli-ætta.

18. Det var Gads-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 40 500.

19. Sønene til Juda var Er og Onan. Dei døydde i Kanaan.

20. Dette er etterkomarane etter Juda, ætt for ætt: Frå Sjela kjem Sjela-ætta, frå Peres Peres-ætta og frå Serah Serah-ætta.

21. Dette er etterkomarane etter Peres: Frå Hesron kjem Hesron-ætta og frå Hamul Hamul-ætta.

22. Det var Juda-ættene, og talet på dei som vart mønstra, var 76 500.

23. Dette er etterkomarane etter Jissakar, ætt for ætt: Frå Tola kjem Tola-ætta, frå Puvva Puvva-ætta,

24. frå Jasjub Jasjub-ætta og frå Sjimron Sjimron-ætta.

4. Mosebok 26