4. Mosebok 25:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men tjuefire tusen hadde mist livet i pesten.

10. Herren sa til Moses:

11. «Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane, fordi han synte sin brennhug for meg mellom dei. Difor ville eg ikkje vera så streng at eg gjorde ende på dei.

12. Av den grunn skal du seia: Eg gjer ei venskapspakt med han.

13. Han og ætta hans etter han skal ha ein evig rett til å vera prestar, fordi han var brennhuga for Gud og gjorde soning for israelittane.»

14. Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av hovdingane i Simeons-ætta.

15. Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi; ho var dotter til Sur, som var hovding over ei av ættene i Midjan.

16. Sidan sa Herren til Moses:

17. «De skal gå til strid mot midjanittane og slå dei ned.

18. For dei gjekk til strid og bruka list mot dykk, då det hende dette med Peor og med Kosbi, dotter til midjanitthovdingen, ho som vart drepen den gongen pesten herja etter hendinga med Peor.»

19. Då pesten var over,

4. Mosebok 25