1. Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva utukt med moabittkvinner,
2. som bad folket til offerfest for gudane sine. Folket var med på måltida og kasta seg ned for gudane deira;
3. israelittane heldt seg til Ba’al-Peor. Då vart Herren brennande harm på dei,
4. og han sa til Moses: «Ta alle leiarane i folket og heng dei opp på ein stokk for Herren under open himmel! Så vil Herrens brennande vreide venda seg bort frå Israel.»
5. Moses sa til styresmennene i Israel: «Kvar av dykk skal drepa dei av mennene sine som har halde seg til Ba’al-Peor.»
6. Best det var, kom ein israelitt med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom landsmennene sine, midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, der dei sat og gret attmed møteteltdøra.