4. Mosebok 24:8-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Gud førte dei ut or Egypt,og dei har styrke ¬som ein villokse.Dei øyder ut fiendslege folk,knuser deira bein ¬og bryt deira piler.

9. Dei legg seg ned ¬og kviler som ei løve,som ei løvinne ¬– kven torer vekkja henne?Velsigna er den ¬som velsignar deg,og forbanna den ¬som forbannar deg.

10. Då vart Balak brennande harm på Bileam. Han slo saman hendene og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og no har du velsigna dei tre gonger!

11. Kom deg heim att så fort du kan! Eg hadde tenkt å visa deg stor ære, men sjå, Herren har nekta deg æra.»

12. Bileam svara: «Eg sa då alt til dei mennene du sende:

13. Om Balak gav meg alt det sølv og gull han har i huset sitt, kunne eg ikkje gå imot Herrens ord og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt. Det Herren seier, må eg tala.

4. Mosebok 24