4. Mosebok 24:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Så kvad han:Så seier Bileam, son til Beor,så seier mannen ¬med attlatne augo,

16. så seier han ¬som høyrer ord ifrå Gud,som tek imot kunnskap ¬frå Den Høgsteog får syner frå Den Allmektige,der han sit med klårsynte augo:

17. Eg ser han, men ikkje no,eg skodar han, men ikkje nær.Ei stjerne stig opp or Jakob,ein kongsstav lyfter seg ¬frå Israel.Han skal knusa ¬Moabs tinningarog skallen på alle Sets søner.

18. Han skal vinna over Edom,leggja fienden Se’ir under seg;Israel skal auka si makt.

19. Ein fyrste dreg ut frå Jakob,han rydjar ut dei ¬som er att i byen.

20. Så fekk Bileam auga på amalekittane, og han heldt fram med kvadet sitt:Det fremste av folkeslag ¬er Amalek,men til sist skal han gå under.

21. Då Bileam fekk auga på kenittane, kvad han:Endå din bustad ¬er traust og trygg,og ditt reir er bygt på berget,

22. skal Kain gå til grunne.Kor lenge skal det varafør Assur fører deg ¬i fangenskap?

23. Endå ein gong kvad Bileam:Ve! Kven slepp frå det med livetom ikkje Gud har vilja det så?

24. Frå kittearane kjem det skip;dei døyver Assur og Eber.Men dei òg går ¬mot undergangen.

25. Så stod Bileam opp og fór heim att. Og Balak drog sin veg.

4. Mosebok 24