5. Då la Herren eit ord i munnen på Bileam og sa: «Gå attende til Balak og tal det eg har sagt.»
6. Då han kom attende, såg han at Balak stod bortmed brennoffera sine saman med alle Moabs hovdingar.
7. Så tok han til å kveda:Frå austerfjell, frå Aram,har Balak, Moabs konge, ¬henta meg:«Kom og lys forbanning ¬over Jakob,kom og tal vondt mot Israel!»
8. Korleis kan eg forbanna densom Gud ikkje har forbanna?Korleis kan eg vera harm ¬på densom Herren ikkje er harm på?
9. Eg ser dei frå den høgste nutog skodar dei frå høgdene.Det er eit folk ¬som bur for seg sjølvog ikkje reknar seg ¬som andre folkeslag.
10. Kven kan telja Jakob, ¬tallaus som støvkorn,kven kjenner talet ¬på Israels støvsky?Gjev eg fekk døy ¬som dei rettvise døyr,og til sist fekk ein lagnad ¬som dei!
11. Då sa Balak til Bileam: «Kva er det du gjer? Eg henta deg for at du skulle forbanna fiendane mine, og så velsignar du dei i staden!»
12. Bileam svara: «Eg må ta meg i vare så eg ikkje talar anna enn det Herren legg meg i munnen.»
13. Då sa Balak til han: «Kom og ver med meg til ein annan stad der du kan sjå folket. Men heile leiren får du ikkje sjå, berre utkanten av han. Derifrå skal du forbanna dei for meg.»
14. Så tok han Bileam med seg til vakthaugen på toppen av Pisga-fjellet. Der bygde han sju altar, og på kvart altar ofra han ein okse og ein ver.