4. Mosebok 23:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Bileam sa til Balak: «Stå her attmed brennoffera dine, medan eg går bort og møter Gud.»

16. Herren møtte Bileam og la eit ord i munnen hans. «Gå attende til Balak,» sa han, «og tal det eg seier deg!»

17. Då Bileam kom attende, såg han at Balak stod attmed brennoffera sine og Moabs hovdingar saman med han. Balak spurde: «Kva sa Herren?»

18. Då kvad Bileam:Reis deg, Balak, og høyr!Lyd på meg, du Sippors son!

19. Gud er ikkje ein mann, ¬så han lyg,eit menneske, ¬så han skifter hug.Gjer han ikkje det han seier,held han ikkje det han lovar?

20. Eg fekk bod om å velsigna;velsignar han, ¬kan ikkje eg gjera det om.

21. Eg ser ingen vondskap i Jakob,inga ulukke i Israel.Herren deira Gud er med dei,dei hyllar han som konge.

22. Gud førte dei ut or Egypt,og dei har styrke ¬som ein villokse.

23. Det finst ingen som driv ¬med spådom i Jakob,ingen som tek varsel i Israel.I rette tid vert det sagt til Jakob,til Israel kva Gud vil gjera.

24. Sjå, folket reiser seg som ei løve,som ei løvinne fer det opp!Det legg seg ikkje til rofør det har metta seg med rovog drukke blodet ¬av dei det drap.

25. Då sa Balak til Bileam: «Kan du ikkje forbanna dei, må du iallfall ikkje velsigna dei!»

4. Mosebok 23