4. Mosebok 22:12-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna dette folket; for det er velsigna.»

13. Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Far heim att til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å fylgja med dykk.»

14. Så tok Moab-hovdingane av stad. Dei kom til Balak og fortalde at Bileam ikkje ville vera med dei.

15. Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn dei fyrste.

16. Dei kom til Bileam og sa: «Så seier Balak, son til Sippor: Sei ikkje nei, men kom til meg!

17. Eg vil visa deg stor ære, og alt det du bed om, skal eg gjera. Kom berre og forbanna dette folket for meg!»

18. Bileam svara kongsmennene: «Om Balak gav meg alt det sølv og gull han har i huset sitt, kunne eg ikkje gjera noko, korkje smått eller stort, som går imot det Herren min Gud har sagt.

19. Ver no her i natt, de òg, så får eg vita kva Herren vil seia meg.»

4. Mosebok 22