19. frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot,
20. og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet.
21. Israelittane sende bod til amorittkongen Sihon og sa:
22. «Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje koma inn på åkrar eller i vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi vil fylgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.»
23. Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet. Han samla heile hæren sin og drog ut mot israelittane i øydemarka. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei.
24. Men Israel slo han med kvasse sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot Ammon var det mange borger.
25. Israelittane tok alle desse amorittbyane og busette seg i dei, i Hesjbon og alle småbyane der ikring.