4. Mosebok 21:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kanaanearkongen som budde i Arad i Negev, fekk høyra at israelittane drog fram på vegen til Atarim, gjekk han til strid mot dei og tok nokre av dei til fange.

2. Då gav israelittane Herren ein lovnad. «Gjev du dette folket i våre hender,» sa dei, «skal vi bannstøyta byane deira.»

3. Herren høyrde denne bøna og gav kanaanearane i deira hand. Og israelittane bannstøytte både dei og byane deira. Difor fekk staden namnet Horma.

4. Så tok dei ut frå Hor-fjellet og valde vegen til Sevsjøen. For dei ville fara utanom Edom-landet. Men på ferda vart folket utolmodig

5. og tala mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut or Egypt når vi må døy her i øydemarka? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne ringe maten.»

6. Då sende Herren eiterormar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.

7. Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tala mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta ormane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.

8. Då sa Herren til han: «Lag deg ein orm og set han på ei stong! Så kan kvar den som vert biten, sjå opp på ormen og berga livet.»

4. Mosebok 21