10. Du skal eta dei som høgheilage gåver. Berre menn kan eta dei; heilage skal dei vera for deg.
11. Av dei heilage gåvene som israelittane gjev, skal dette òg høyra deg til: Alle offer som dei svingar, gjev eg deg og sønene og døtrene dine; dei skal de ha rett på i all framtid. Alle i huset ditt som er reine, kan eta av dei.
12. Alt det beste av olje og druesaft og korn, fyrstegrøda som dei ofrar til Herren, gjev eg deg.
13. Dei fyrste fruktene av alt det som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine. Alle i huset ditt som er reine, kan eta dei.
14. Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha.
15. Alt som kjem fyrst frå morsliv, alle levande skapningar som dei ber fram for Herren, anten det er menneske eller dyr, skal høyra deg til. Men det som er fyrstefødt av menneske, skal du la dei løysa, og like eins det som er fyrstefødt av ureine dyr.
16. Når dei er ein månad gamle eller meir, skal du ta den fastsette løysesummen, fem sekel sølv, etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.
17. Men dei fyrstefødde av kyr, sauer og geiter kan du ikkje løysa; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; det skal vera eit eldoffer til godange for Herren.