6. Så tala Moses til israelittane. Og alle ættehovdingane gav han kvar sin stav, éin stav for kvar ætt. Det var tolv stavar i alt, og mellom dei var staven til Aron.
7. Moses la stavane ned framfor Herrens åsyn i lovteltet.
8. Då han dagen etter kom inn i teltet, fekk han sjå at Arons stav, staven for Levi-ætta, hadde sett friske skot; han hadde fått knuppar, blomar og mogne mandlar.
9. Moses tok alle stavane bort frå Herrens åsyn og bar dei ut til israelittane. Då dei fekk sjå dei, tok dei kvar sin stav.
10. Då sa Herren til Moses: «Ber Arons stav inn att og legg han framfor lova! Der skal han gøymast og vera eit teikn for dei trassige, så eg slepp høyra murringa deira meir; elles må dei døy.»
11. Moses så gjorde; som Herren hadde sagt, så gjorde han.
12. Men israelittane sa til Moses: «Sjå, det er ute med oss. Vi går alle til grunne, vi døyr.
13. Kvar den som vågar seg innåt Herrens bustad, må døy. Skal vi då gå til grunne, alle saman?»