4. Mosebok 16:28-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Moses sa: «Dette skal de ha til teikn på at det er Herren som har sendt meg for å gjera alle desse gjerningane, og at eg ikkje gjer dei av meg sjølv.

29. Dersom desse døyr på same vis som anna folk og får den same lagnad som andre menneske, då er det ikkje Herren som har sendt meg.

30. Men dersom Herren gjer noko nytt og uhøyrt, dersom jorda opnar gapet sitt og gløyper dei og alt folket deira, så dei fer levande ned til dødsriket, då skal de vita at desse mennene har vanvørdt Herren.»

31. Ikkje før hadde Moses sagt dette, så rivna grunnen under dei.

32. Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og bustaden deira, alle som heldt med Korah, og alt det dei åtte.

33. Dei og alle som høyrde dei til, fór levande ned til dødsriket, og jorda gøymde dei. Såleis vart dei utrudde or Israels-lyden.

34. Alle israelittane som stod ikring dei, rømde då dei høyrde korleis dei skreik. «Jorda kunne då gløypa oss òg,» sa dei.

35. Så fór det eld ut frå Herren og brende opp dei to hundre og femti mennene som hadde bore fram røykjelsen.

36. Då tala Herren til Moses og sa:

4. Mosebok 16