4. Mosebok 16:14-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Du har sanneleg ikkje ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vingardar til eige. Trur du at du kan føra folk som oss bak ljoset? Nei, vi kjem ikkje.»

15. Då vart Moses brennande harm og sa til Herren: «Bry deg ikkje om offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»

16. Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile flokken din stiga fram for Herren, og Aron skal vera med.

17. De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar av dykk skal bera si glopanne fram for Herren, to hundre og femti panner i alt. Du og Aron skal òg ta kvar si panne.»

18. Så tok dei kvar si glopanne, hadde eld i dei og la røykjelse på og stod attmed møteteltdøra saman med Moses og Aron.

19. Korah hadde samla heile flokken mot dei framfor møteteltdøra.Då synte Herrens herlegdom seg for heile Israels-lyden.

20. Og Herren sa til Moses og Aron:

21. «Skil dykk ut frå denne flokken, så skal eg tyna dei på ein augneblink!»

22. Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Gud, du Gud som rår over livsanden i alle menneske, harmast du på heile lyden fordi ein mann syndar?»

4. Mosebok 16