12. Moses sende bod etter Datan og Abiram, sønene til Eliab. Men dei sa: «Vi kjem ikkje!
13. Er det ikkje nok at du har ført oss opp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, så vi skulle døy i øydemarka? Vil du no attpå gjera deg til herre over oss?
14. Du har sanneleg ikkje ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vingardar til eige. Trur du at du kan føra folk som oss bak ljoset? Nei, vi kjem ikkje.»
15. Då vart Moses brennande harm og sa til Herren: «Bry deg ikkje om offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»
16. Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile flokken din stiga fram for Herren, og Aron skal vera med.
17. De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar av dykk skal bera si glopanne fram for Herren, to hundre og femti panner i alt. Du og Aron skal òg ta kvar si panne.»
18. Så tok dei kvar si glopanne, hadde eld i dei og la røykjelse på og stod attmed møteteltdøra saman med Moses og Aron.