4. Mosebok 15:6-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Men er det ein ver du ofrar, skal grødeofferet vera to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein tredjedels hin olje,

7. og drikkofferet ein tredjedels hin vin. Då er det eit offer som angar godt for Herren.

8. Ofrar du ein ung okse som brennoffer eller slaktoffer, anten det er ein lovnad du vil oppfylla, eller det er eit måltidsoffer du vil gje Herren,

9. då skal du attåt oksen bera fram som grødeoffer tre tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein halv hin olje.

10. Som drikkoffer skal du bera fram ein halv hin vin. Då er det eit eldoffer som angar godt for Herren.

11. Såleis skal de gjera med kvar okse og ver, kvart lam og kje.

12. Anten de ofrar mange eller få, skal de gjera så med kvart einaste dyr.

4. Mosebok 15