24. Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har fylgt meg trufast. Difor lèt eg han koma inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få det til eige.
25. Men i dalane der bur amalekittane og kanaanearane. Difor skal de, når de i morgon fer i veg og dreg ut i øydemarka, ta den vegen som fører til Sevsjøen.
26. Sidan tala Herren atter til Moses og Aron og sa:
27. Kor lenge skal dette vonde folket murra mot meg? Eg har høyrt korleis israelittane murrar mot meg.
28. Sei til dei: Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Eg skal gjera med dykk som de har bede meg.
29. Her i øydemarka skal beina dykkar liggja, alle de som vart mønstra, kvar mann som er tjue år eller meir og har murra mot meg.