4. Mosebok 11:6-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. No svid det i brystet, for her har vi ingen ting. Vi ser ikkje anna enn manna.»

7. Mannaen likna korianderfrø og såg ut som bedolah-kvae.

8. Folket sprang utover og sanka manna. Dei mol han på handkvern eller støytte han i morter. Så koka dei han i gryte og laga kaker av han. Då smaka det som oljekake.

9. Når dogga fall over leiren om natta, fylgde mannaen med.

10. Moses høyrde at folket jamra seg attmed teltdørene, i den eine huslyden etter den andre. Då loga Herrens vreide opp, og Moses tykte det var ille.

11. Han sa til Herren: Kvifor er du så hard med tenaren din? Kvifor har du ingen godvilje for meg, sidan du legg på meg den børa å syta for heile dette folket?

12. Er det eg som har født dette folket, sidan du seier at eg skal ta det ved barmen, liksom ei fostermor tek eit spedbarn, og bera det til det landet du har lova fedrane deira?

4. Mosebok 11