21. Då sa Moses: «Seks hundre tusen mann til fots er det folket eg har med meg. Og så seier du: Eg vil gje dei kjøt, så dei kan eta ein heil månad.
22. Skal vi då slakta så mykje småfe og storfe at det rekk til for dei? Eller skal vi samla all fisken i havet, så dei får nok?»
23. Herren sa til Moses: «Er Herrens arm for kort? No skal du få sjå om det går som eg har sagt, eller ikkje.»
24. Så gjekk Moses ut og fortalde folket kva Herren hadde sagt. Han samla sytti av dei eldste i folket og bad dei stå rundt ikring teltet.
25. Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den Anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Då Anden var komen over dei, tala dei profetord. Men det gjorde dei ikkje sidan.
26. To av mennene hadde vorte att i leiren. Den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kom Anden, for dei høyrde til dei som var oppskrivne, jamvel om dei ikkje hadde gått ut til teltet. Og dei tala profetord i leiren.
27. Då sprang ein gut av stad og sa frå til Moses: «Eldad og Medad talar profetord i leiren!»
28. Josva Nunsson, som hadde vore tenar hjå Moses sidan han var ung, tok til ords og sa: «Moses, min herre, hindra dei i dette!»
29. Men Moses svara: «Er du harm for mi skuld? Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!»