1. Ein gong gav folket seg til å klaga til Herren over at dei hadde det så vondt. Då Herren høyrde det, loga vreiden hans opp. Eld frå Herren braut ut mellom dei og herja i utkanten av leiren.
2. Då ropa folket til Moses om hjelp. Han bad til Herren, og elden slokna.
3. Den staden kalla dei Tabera, fordi eld frå Herren hadde brote ut mellom dei der.
4. Flokken av framande som hadde gjeve seg i lag med dei, fekk veldig lyst på mat. Då tok israelittane òg til å jamra seg att. «Å, gjev vi hadde kjøt å eta!» sa dei.
5. «Vi minnest fisken som vi åt i Egypt, og som vi fekk for ingenting. Vi minnest agurkane, melonane og purren, raudlauken og kvitlauken.