4. Mosebok 10:6-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Og blæs de alarm andre gongen, skal dei som har leiren sin i sør, ta i veg. Alarmen skal vera signal til oppbrot.

7. Når de kallar folket saman, skal de gje signal, men ikkje blåsa alarm.

8. Det er prestane, Arons-sønene, som skal blåsa i trompetane. Dette skal vera ei fast lov for dykk, frå ætt til ætt.

9. Når de dreg i krig i dykkar eige land mot ein fiende som tek på dykk, skal de blåsa alarm på trompetane. Då skal Herren dykkar Gud koma dykk i hug og berga dykk frå fiendane.

10. Og på glededagane og høgtidene og nymånedagane skal de blåsa i trompetane når de ber fram brennoffer og måltidsoffer. Det skal vera ei påminning om dykk hjå dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.

11. I det andre året, den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå lovteltet.

12. Då tok israelittane ut frå Sinai-øydemarka og drog fram, dagslei etter dagslei. Skya stogga i Paran-øydemarka.

13. Dette var fyrste gongen dei tok ut, og dei gjorde det på Herrens bod gjennom Moses.

14. Den fyrste fylkinga som tok ut frå leiren, var Juda-sønene, flokk etter flokk. Naksjon, son til Amminadab, var førar for hæren deira.

15. Hærføraren for Jissakars-ætta var Netanel, son til Suar.

16. Og føraren for Sebulons-ætta var Eliab, son til Helon.

17. Så vart heilagdomen teken ned, og dei som skulle bera han, Gersjon-sønene og Merari-sønene, tok i veg.

18. Fylkinga åt Rubens-sønene tok ut frå leiren, flokk etter flokk. Og Elisur, son til Sjede’ur, var føraren deira.

4. Mosebok 10