6. Då sa Moses: «Dette er det Herren har sagt at de skal gjera; så skal Herrens herlegdom syna seg for dykk.»
7. Og til Aron sa han: «Gå fram til altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt, og gjer soning for deg sjølv og for folket! Ber så fram offeret frå folket og gjer soning for dei, som Herren har sagt!»
8. Så gjekk Aron fram til altaret og slakta kalven som skulle vera syndoffer for han sjølv.
9. Sønene hans gav han blodet, og han duppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorna. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten.
10. Feittet, nyrene og leverlappen av syndofferdyret brende han på altaret, så som Herren hadde sagt Moses føre.
11. Men kjøtet og skinnet brende han opp utanfor leiren.
12. Så slakta han brennofferdyret. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.
13. Dei rette sjølve brennofferet til han, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret.
14. Innvolen og føtene vaska han og brende dei på altaret saman med brennofferet.
15. Så bar han fram offeret frå folket. Han tok bukken som skulle vera syndoffer for folket, slakta han og ofra han som syndoffer, liksom det fyrste offerdyret.
16. Sameleis førte han fram brennofferet og ofra det, som det var føreskrive.
17. Grødeofferet bar han òg fram. Av det tok han ein neve og brende på altaret, forutan morgonbrennofferet.
18. Og han slakta oksen og veren som skulle vera måltidsoffer for folket. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.
19. Feittet på oksen og veren, både feitthalen, netja, begge nyrene med talga som var på dei, og leverlappen,
20. alt dette la dei på bryststykka. Og Aron brende feittet på altaret.