3. Mosebok 9:20-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. alt dette la dei på bryststykka. Og Aron brende feittet på altaret.

21. Men bryststykka og det høgre låret svinga han for Herrens åsyn, så som Moses hadde sagt.

22. Aron lyfte hendene over folket og velsigna dei. Og så gjekk han ned, etter at han hadde bore fram syndofferet, brennofferet og måltidsofferet.

23. Sidan gjekk Moses og Aron inn i møteteltet, og då dei kom ut att, velsigna dei folket. Då synte Herrens herlegdom seg for heile folket,

24. og det fór ut eld frå Herren og brende opp det som var på altaret, både brennofferet og feittet. Då folket såg det, ropa dei alle høgt av glede og kasta seg til jorda.

3. Mosebok 9