12. Så slakta han brennofferdyret. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.
13. Dei rette sjølve brennofferet til han, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret.
14. Innvolen og føtene vaska han og brende dei på altaret saman med brennofferet.
15. Så bar han fram offeret frå folket. Han tok bukken som skulle vera syndoffer for folket, slakta han og ofra han som syndoffer, liksom det fyrste offerdyret.
16. Sameleis førte han fram brennofferet og ofra det, som det var føreskrive.
17. Grødeofferet bar han òg fram. Av det tok han ein neve og brende på altaret, forutan morgonbrennofferet.
18. Og han slakta oksen og veren som skulle vera måltidsoffer for folket. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.
19. Feittet på oksen og veren, både feitthalen, netja, begge nyrene med talga som var på dei, og leverlappen,
20. alt dette la dei på bryststykka. Og Aron brende feittet på altaret.
21. Men bryststykka og det høgre låret svinga han for Herrens åsyn, så som Moses hadde sagt.
22. Aron lyfte hendene over folket og velsigna dei. Og så gjekk han ned, etter at han hadde bore fram syndofferet, brennofferet og måltidsofferet.