3. Mosebok 9:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den åttande dagen kalla Moses til seg Aron og sønene hans og dei eldste i Israel,

2. og han sa til Aron: «Ta ein oksekalv til syndoffer og ein ver til brennoffer, begge utan lyte, og lei dei fram for Herrens åsyn!

3. Og sei til israelittane: Ta ein bukk til syndoffer, ein kalv og eit lam, som begge er årsgamle og lytelause, til brennoffer,

4. og ein okse og ein ver som skal vera måltidsoffer og ofrast for Herrens åsyn, og så eit grødeoffer med olje i! For i dag vil Herren syna seg for dykk.»

5. Dei henta det som Moses hadde sagt, og sette det framfor møteteltet. Og heile Israels-lyden steig fram og stod for Herrens åsyn.

6. Då sa Moses: «Dette er det Herren har sagt at de skal gjera; så skal Herrens herlegdom syna seg for dykk.»

7. Og til Aron sa han: «Gå fram til altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt, og gjer soning for deg sjølv og for folket! Ber så fram offeret frå folket og gjer soning for dei, som Herren har sagt!»

8. Så gjekk Aron fram til altaret og slakta kalven som skulle vera syndoffer for han sjølv.

9. Sønene hans gav han blodet, og han duppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorna. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten.

10. Feittet, nyrene og leverlappen av syndofferdyret brende han på altaret, så som Herren hadde sagt Moses føre.

3. Mosebok 9