3. Mosebok 8:26-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Og or korga med usyrt brød som stod for Herrens åsyn, tok han ei usyrt kake, ei oljekake og ein brødleiv og la det på feittet og låret.

27. Alt dette la han i hendene på Aron og sønene hans og lét dei svinga det for Herrens åsyn.

28. Moses tok det ut or hendene deira og brende det på altaret saman med brennofferet. Det var eit vigslingsoffer til godange for Herren. Eit eldoffer for Herren var det.

29. Så tok Moses bryststykket og svinga det for Herrens åsyn. Det var den delen Moses fekk av vigslingsveren, så som Herren hadde sagt han føre.

30. Og Moses tok av salvingsoljen og av blodet som stod på altaret, og skvette på Aron og kleda hans og like eins på sønene hans og kleda deira. Såleis helga han Aron og kleda hans og like eins sønene og kleda deira.

31. Og Moses sa til Aron og sønene hans: «De skal koka kjøtet attmed møteteltdøra og eta det der saman med brødet som er i vigslingskorga, så som eg har sagt: Aron og sønene hans skal eta det.

32. Men det som vert att av kjøtet og brødet, skal de brenna.

3. Mosebok 8