3. Mosebok 8:14-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt oksen.

15. Moses slakta han, tok blodet og strauk det rundt ikring på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Det som var att av blodet, helte han ut nedmed altarfoten. Såleis gjorde han soning for altaret og helga det.

16. Så tok han alt feittet på innvolen og leverlappen og begge nyrene med talga som var på dei, og brende det på altaret.

17. Men sjølve oksen, både skinnet og kjøtet og mageinnhaldet, brende han opp utanfor leiren, såleis som Herren hadde sagt han føre.

18. Så leidde han fram brennofferveren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt veren.

19. Moses slakta han og skvette blodet rundt ikring på altaret.

20. Sjølve veren lema han sund og brende både hovudet og kjøtet og feittet.

21. Innvolen og føtene vaska han i vatn. Så brende han heile veren på altaret. Det var eit brennoffer til godange for Herren, eit eldoffer for Herren, så som han hadde sagt Moses føre.

22. Sidan leidde han fram den andre veren, vigslingsveren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt veren.

23. Moses slakta han, tok noko av blodet og strauk på høgre øyresnippen åt Aron, på høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.

24. Så kalla han til seg sønene hans Aron og strauk noko av blodet på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa deira. Det som var att av blodet, skvette han rundt ikring på altaret.

25. Han tok feittet, både feitthalen, alt feittet på innvolen, begge nyrene med talga som var på dei, og så det høgre låret.

26. Og or korga med usyrt brød som stod for Herrens åsyn, tok han ei usyrt kake, ei oljekake og ein brødleiv og la det på feittet og låret.

27. Alt dette la han i hendene på Aron og sønene hans og lét dei svinga det for Herrens åsyn.

28. Moses tok det ut or hendene deira og brende det på altaret saman med brennofferet. Det var eit vigslingsoffer til godange for Herren. Eit eldoffer for Herren var det.

29. Så tok Moses bryststykket og svinga det for Herrens åsyn. Det var den delen Moses fekk av vigslingsveren, så som Herren hadde sagt han føre.

3. Mosebok 8