3. Mosebok 7:16-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Er slaktofferet eit lovnadsoffer eller eit friviljug offer, skal det etast same dagen som det vert frambore. Men det som vert att, kan etast dagen etter.

17. Det som enno er att av offerkjøtet tredje dagen, skal brennast.

18. Dersom nokon et av måltidsofferkjøtet tredje dagen, vil Gud ikkje ta imot han og offeret hans, og det gagnar ikkje han som bar det fram. Det er ein styggedom, og den som et av det, fører skuld over seg.

19. Offerkjøt som kjem nær noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast. Elles kan alle som er reine, eta av kjøtet.

20. Men den som et kjøt av Herrens måltidsoffer medan han er urein, han skal rydjast ut or folket sitt.

21. Når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og avstyggjeleg, og han så et kjøt av Herrens måltidsoffer, då skal den mannen rydjast ut or folket sitt.

22. Herren tala til Moses og sa:

23. Sei til israelittane: De skal ikkje eta feitt, anten det er av okse, sau eller geit.

24. Feittet av sjølvdaude og ihelrivne dyr kan nyttast på ulik måte; men eta det må de ikkje.

25. For kvar den som et feittet av dyr som det vert ofra eldoffer av til Herren, skal rydjast ut or folket sitt.

26. Blod må de ikkje eta, anten det er av fugl eller fe, kvar de så bur.

27. Den som nokon gong et blod, han skal rydjast ut or folket sitt.

28. Herren tala til Moses og sa:

29. Sei til israelittane: Den som vil bera fram eit måltidsoffer for Herren, skal sjølv koma med den gåva han vil gje Herren av offeret sitt.

30. Med eigne hender skal han bera fram Herrens eldoffer, både feittet og bryststykket, og bryststykket skal svingast for Herrens åsyn.

31. Presten skal brenna feittet på altaret. Men bryststykket skal Aron og sønene hans ha.

32. Det høgre låret skal de gje presten i avgift av måltidsoffera dykkar.

3. Mosebok 7