14. Av offergåvene skal han gje ei av kvart slag i avgift til Herren. Det skal presten ha, han som skvetter blodet av måltidsofferet på altaret.
15. Kjøtet av dette offeret, som er eit takkoffer, skal etast same dagen som det vert frambore. Ikkje noko av det må verta liggjande til morgons.
16. Er slaktofferet eit lovnadsoffer eller eit friviljug offer, skal det etast same dagen som det vert frambore. Men det som vert att, kan etast dagen etter.
17. Det som enno er att av offerkjøtet tredje dagen, skal brennast.
18. Dersom nokon et av måltidsofferkjøtet tredje dagen, vil Gud ikkje ta imot han og offeret hans, og det gagnar ikkje han som bar det fram. Det er ein styggedom, og den som et av det, fører skuld over seg.
19. Offerkjøt som kjem nær noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast. Elles kan alle som er reine, eta av kjøtet.
20. Men den som et kjøt av Herrens måltidsoffer medan han er urein, han skal rydjast ut or folket sitt.
21. Når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og avstyggjeleg, og han så et kjøt av Herrens måltidsoffer, då skal den mannen rydjast ut or folket sitt.